Takk for i år!
Jul i Rosendal vil takka alle som var innom marknaden i år, publikum så vel som utstillarar. Saman skapte vi julestemning i snøkledde omgjevnader. Takk for i år og kanskje sjåast vi neste år!
Vil du bidra til Jul I Rosendal?
Jul i Rosendal er ein frivillig organisasjon der arrangørane jobbar på dugnad.
Vi er avhengige av å ha gode støttespelarar og frivillige. Det vert ingen julemarknad utan.
Vil du vera med å gjera ei oppgåve på årets marknad, anten framkant av marknaden, på marknaden eller med kunstutstillinga? Då vert vi veldig glade.
Trykk på knappen under her og send oss ei melding.
Bli medlem
Det kostar kr 100,- per år å vera medlem i Jul i Rosendal.
Alle som støttar føremålet vårt kan vera medlem.
For å verta medlem melder du frå på e post til oss post@julirosendal.no
Sjå meir om medlemskap i vedtektene.