Informasjon til utstillar 2023
Marknaden er open laurdag 23. november 2024. Kl 10.00 - 16.00 Marknadsområdet vert som dei siste åra utandørs i underetasjen på Eurosparbutikken i Varehuset i Skålagato i Rosendal. Du må tilby lokalt laga handtverk eller matprodukt for å få bodplass. Vi ønskjer ikkje vidaresal av masseproduserte varer.
Påmelding:
Påmelding som utstillar vert gjort skriftlig ved å fylle ut påmeldingsskjema på heimsida.
For å kunne tinga bodplass må ein vere medlem i Jul i Rosendal dette året.
Det har dei siste åra vore stor pågang etter bodplass så det er lurt å vera tidleg ute.
Tildeling:
Du får melding på e-post, om du har fått bodplass. Stadfesting på plass får du når betalinga er registrert.
Slik får du og melding dersom du står på venteliste for bodplass.
Du betaler påmeldingsavgift på VIPPS 750034.
Hugs å betale for alt du tingar, både bod, bord og eventuelt stol.
Om du ikkje får plass vert heile påmeldingsavgifta refundert.
Prisar:
Bod på Jul i Rosendal, ikkje MVA-pliktig: kr 500,-
Bod på Jul i Rosendal, MVA-pliktig: kr 1 200,-
Leige av bord/stol kr 50,- pr del.
Medlemsskap jul i Rosendal 2024: kr 100,-
Jul i Rosendal syter for:
Bod på eit fint pynta marknadsområde.
Ein stikkontakt i kvar bod og enkel takbelysning i lokalet.
Ditt ansvar som utstillar:
Du er ansvarleg for å føre deg i følgje norske lover i høve økonomi og hygienekrav.
Du syter for at boden din framstår som fin heile opningstida kl 10-16.
NB! Ingen ryddar eller avsluttar boden sin før marknaden stengjer.
Du tek med deg skøyteledning og det du treng for presentasjon av produkta dine; hylle, stativ, ev. bord, stol, belysning.
Medlem i JiR:
Dersom du ynskjer å verta medlem i Jul I Rosendal sender du ein e-post til post@julirosendal.no med namn og e-postadressa di. Samstundes betalar du kr 100,- på VIPPS 750034.
Meldmesavgifta vert ikkje refundert ved utmelding.
Følg Jul i Rosendal på www.julirosendal.no og facebook for nyhende i høve marknaden.
Praktisk informasjon
- Marknadsområdet er i underetasjen på Varehuset i Skålagato i Rosendal.
- Du kan køyre bil inn i garasjen når du skal setje frå deg utstyr
- Innkøyring med bil gjeld fredag kveld kl: 17 - 20 og laurdag morgon kl 08.00 - 09.00. Siste timen før opning vil me ikkje ha bilar i garasjen
- Køyr inn frå nedsida ved ladestasjonen for elbilar og ut av døra som er mot Folgefonnsenteret.
- Bodene vil stå klare fredag 22. nov. kl 17.00. Då kan dei som ynskjer det gjera klar si bod.
- Om du har tinga bord og eller stol er dei på plass då.
- NB! Området stengjer kl 20.00. fredag kveld. Portane inn til området vert låste med hengjelås.
- Laurdag opnar området for utstillararar kl 08.00.
Om boden
- Bakvegg i boden er oftast mur.
- Vi har fordelt boder etter viktige omsyn. Du finn namnet ditt påplakat i den boden du skal ha. Vi er til stades for å hjelpe til så spør om du lurer.
- Sideveggene i boden er av stål.
- Det vil vera ei lekte av tre i framkant av boden. Denne er pyntamed grønt og ljoslenke når du kjem.
- Det er ei tre-lekte i bakkant av boden som du kan feste lette ting i.
- Boden er omlag 2 meter brei x 2,20 meter djup inni, altså mellom veggene.
- Veggene er 2 meter høge.
- Du kan nytte inntil 1 meter rett framfor boden din slik at golvplassen i kvar bod til saman vert vel 6 kvm.
- Det er ingen møblering i boden. (men du kan leige bord 180x74cm/stol med stofftrekk, kr 50,- pr del.)
- Det er ein stikkontakt i kvar bod og enkel tak-belysning i lokalet.
- NB! Det er ikkje høve til å nytte levande ljos på marknadsområdet
Lurer du på noko?
Ta kontakt på e-post eller ring oss!
Pssst... Det kan vere lurt å vente til etter arbeidstid med å ringe.