Jul i Rosendal vil med glede invitera til julemarknad laurdag 22. November! Heile 43 utstillarar tek i år turen til marknaden for å vise fram alt det fine dei lagar.
Kvart år inviterer Jul i Rosendal born og unge i området til å bidra med kunst til ei utstiling vi set opp i andre høgda i Varehuset i Rosendal. I år vert det hjarte som er tema for utstillinga.
Hjarteformen med to halvsirklar øvst og ein spiss nede er eit av dei eldste symbola vi kjenner til. Det seiast å vera funne brukt av jegarar før fyrste istid.
Den kjente hjarteforma liknar lite på menneske-hjartet men meir på ku eller skilpaddehjarte eigentleg.
I middelalderen vart hjarte etter kvart eit symbol på kjærleik mellom menneske og den andelege kjærleiken mellom menneske og Gud.
Hjartemuskelen har sidan oldtida vorte rekna som fysisk og åndeleg sentrum i eit menneske og har viktige kjensler som samvit, kjærleik, medkjensle og nestekjærleik knytt til seg.
For aztekarar, hinduar, buddhistar, muslimar, jøder, keltarar og taoistar er hjarte symbol for hell og lykke.
Hjarte kan vera tungt, hardt, kaldt og lukka, lett, varmt, åpent, reint og stort, det kan brenna, skjelve, verta mørkt og gå sund.
Hjarte som symbol gjev oss ein måte å uttrykke kjensler på utan å bruke ord.
Vi lagar Jul i Rosendal for at småskalaprodusentar skal ha ein stad å vise fram og selge produkta sine. Vi veit at ein slik produsent har hjartet sitt med i alle deler av produksjonen. Vi som lagar til Jul i Rosendal på dugnad gjer også denne jobben med eit glødande, bankande hjarte for eit triveleg lokalmiljø. For å dele glede.
Når vi har hjarte som tema er det ei sterk oppmodig til alle om å tenkje over dette symbolet no når du vart minna på det. Ha det hjarteleg til stades i ditt daglege.
Honning , eplemost
Cupcakes, donuts, konfekt, sjokolade figurar, etc etc
Røykelaks
Barneklede, vesker, hekla bamsar, julestjerner osv
Urte salvar , Kremer og Leppepomader
Glasskunst; lyshus, figurer, telysholdere, nisser, fat, hjerter og håndlagde kniver
Trearbeid
Handstrikka sokker og votter
Småstrikk
Sjokolade og julemat
Sundepølsa, grillpølse, blodpølse, lammerull og pinnakjøt
Strikkeplagg, sying,treprodukt
Garn og andre produkt laga av alpakkafiber
Strikk og bunadssaum
Ost, produsert av geitemelk
Delfiakake, grov leverpostei, Haugalandsgrovt (surdeigsbrød med mask), K-kniven(brødkniv) og skjærefjøler.
Maleri
Håndstrikket jakker,genserere til baby, barn og voksne
Kniver-ostehøvler-saueskinn div.
Heimesydde gåver og accessoirer
Honning
Lys, armbånd, ved
Julekaker, syltetøy, strikk, treprdukt, div.småting
Foto, heimelaga syltetøy og chutney frå gården, vedprodukt frå eigen skog
Skjerf, gensere, pulsvarmer
Økologisk og grasfora storfekjøtt og handlaga grillpølser
Skulptur og maleri
Dekorasjoner av tre på Juletreet,krans på døra og vinduer armbånd og smykker gave til barna eks
Kjøttvarer
Japanske kjøkkenkniver, jaktkniv og spikkeknivar
Treskulpturer
Hjemmelagde kunstlys
Håndmalte treprodukt, nisser av saueskinn, småstrikk som votter, sokker, hjerter ol. Strikkegensere dame
Bakverk og syltetøy
Nålefilting og strikk
Makroner og strikket sokker
Heimeproduksjon- bunadsposar,strikka labber, ponco,skjerf mm.
Maritime tauprodukter, tovede sjøvotter, lokalhistorisk bok
Smidde økser frå Gransfors.
Mor og datter som lagar finsk bakst.
Blomar
Hardingekaker