Marknaden er open laurdag 21. november 2026 kl. 10.00–16.00. Marknadsområdet vert, som dei siste åra, utandørs i underetasjen på Eurosparbutikken i Varehuset i Skålagato i Rosendal.
Du må tilby lokalt laga handverk eller matprodukt for å få bodplass. Vi ønskjer ikkje vidaresal av masseproduserte varer.
Søknad om bodplass som utstillar vert gjort skriftleg ved å fylle ut søknadsskjemaet på nettsida: https://julirosendal.no/pamelding
Søknadsfristen er 25. august, og du får svar på søknaden din seinast 1. september.
Om du vert tilbydd bodplass må du bekrefte ved å betale påmeldingsavgifta innan fristen, ellers går plassen vidare.
Om du ikkje vert tilbydd bodplass vert du sett på venteliste. Du vil då bli kontakta fortløpande dersom det vert ledige plassar.
Merk at du ikkje har plass før du får bekreftelse frå oss.
Vi gjer så godt vi kan for at så mange som mogleg skal få plass. Dersom det ikkje blir plass til alle vil vi vurdere søknadene for å sørge for eit variert og godt tilbod til gjestene våre.
Du får melding på e-post om du har fått bodplass. Stadfesting av plass får du når betalinga er registrert. Dersom du hamnar på venteliste, får du melding om det.
Du får beskjed på e-post om du har fått bodplass. I motsetnad til tidlegare år skal du ikkje betale avgifta før du har blitt tilbudt plass.
Påmeldingsavgifta betalast til VIPPS 750034.
Dersom du ikkje betaler innen fristen, går plassen vidare til nokon andre.
| Type | Pris |
|---|---|
| Bod, ikkje MVA-pliktig | kr 800,- |
| Bod, MVA-pliktig | kr 1 800,- |
Medlemskap i Jul i Rosendal er inkludert i påmeldingsprisen.
Ingen ryddar eller avsluttar boden før marknaden stengjer.
Området stengjer kl. 20.00 fredag kveld, og portane vert låste med hengjelås. Du set varer og utsyr her fredag kveld på eige ansvar.
Levande ljos er ikkje tillate.